DAGENS TALL:

25 %

FOTO: WIKUS DE WET, AFP/NTB SCANPIX

25 prosent av verdens sykehus og helsesentre har ikke tilgang på reint vann til pasientene sine på grunn av mangel på vannledninger. Ett av fem sykehus har også mangel på toaletter, ifølge en rapport av Verdens helseorganisasjon (WHO) og Unicef.©NTB

Med Sovjetunionens fall var grunngjevinga for Nato borte. Sidan har Nato vore ein reiskap for amerikansk ekspansjon.

Det gamle Nato og det nye

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Ein vårdag i 1973 sat eg ved eksamensbordet på Universitetet i Bergen og skreiv i mine tilmålte tolv timar om Noregs veg til Nato, alliansen som no fyller 70 år. Den alternative oppgåva var om USAs Kina-politikk 1945–50. Slik var eksamensforma – eit tillegg til hovudoppgåva som i omfang kunne vere som dagens doktoravhandlingar. Pensum: Forsking om den kalde krigen, neppe særleg mange tusen sider og eg var den einaste med emnet. Ved Universitetet i Oslo var det eit samtidshistorisk miljø rundt professor Magne Skodvin, men ved Universitetet i Bergen hadde ingen forskingskompetanse om perioden etter 1. verdskrig. Ifølgje sensorane på munnleg eksamen var det uråd å sjå om eg var tilhengar eller motstandar av Nato. Den komplimenten kjenner eg meg ikkje forplikta av i det følgjande. Sidan har forskinga om emnet vakse med hundretusentals sider. Ingen kan overskode alt, men det vart faget mitt å følgje med på eit forskingsfelt der lite er tilgjengeleg på norsk – opinionen er prisgitt mediefilteret. Den personlege erfaringa mi med Nato låg då 6–7 år bak i tid, i luftvernartilleriet på Andøya, med oppdrag å plaffe ned Sovjet-fly. Ein måtte kunne skilje MIG-fly frå ein Starfighter.

4. april 1949 var utanriksminister Halvard Lange i Washington og signerte Atlanterhavspakta, North Atlantic Treaty (NAT). Ein fjerde bokstav kom til i akronymet året etter då pakt vart til organisasjon. Dei tolv opphavlege landa vart i 1952 supplert med Hellas og Tyrkia, trass i norsk motstand, og ti år etter krigsslutt var det akseptabelt å ta opp også Vest-Tyskland.

Til å vere ei så epokeskapande sak gjekk avgjerdsprosessen særs raskt – i kontrast til EF/EU-prosessen. Arbeiderparti-regjeringa hadde hastverk med å skape eit fait accompli. Det reagerte enkelte partilag sterkt på og kravde folkerøysting eller stortingsval før avgjerda. Den partikløyvinga som kunne ha komme allereie i 1949 fordi mange i partiet heller ville ha ein skandinavisk forsvarsallianse, kom først i 1961 med partiet SF. Heilt til Det norske Arbeiderparti (DNA) heldt landsmøte i februar 1949 syntest det gå mot dødt løp mellom tilhengarar og motstandarar av A-pakta, men då kapitulerte motstandsfløya.

Hovudtalsmannen for ein skandinavisk allianse, Olav Oksvik, ville unngå ei smerteleg partikløyving som den han hadde opplevt tre tiår tidlegare i spørsmålet om Komintern-medlemskap, då han braut med DNA og vart med i Norges Socialdemokratiske Arbeidarparti (NSA), partiet som vart skipa av dei som avviste den ideologiske flørten med Moskva. Partikløyvinga den gongen førte til at DNA var utan kontakt med dei sosialdemokratiske partia i Sverige og Danmark i nesten heile mellomkrigstida. Med Oksvik som partisekretær for NSA gjekk dette partiet inn i nært samarbeid med dei sosialdemokratiske partia i Skandinavia, som varte til NSA fusjonerte med DNA i 1927. Den sosialdemokratiske fløya i DNA pressa på for å gjenoppta dei skandinaviske kontaktane, men Tranmæl-leiinga stod imot og DNAs skandinaviske isolasjon varte heilt til 1938.

Tranmæl-oligarkiets nei til ein skandinavisk forsvarsallianse var såleis andre gong DNA skilde lag med skandinaviske søsterparti i heilt grunnleggande saker. Dette nye nederlaget for skandinavisk samarbeid i 1949, då det danske partiet motvillig følgde DNA inn i Nato, skal ha vore den bitraste opplevinga til Tage Erlander, Sveriges statsminister. I løpet av 30 år hadde tranmælittane i DNA sett verdsrekord i ideologisk sprang: frå Moskva til Washington. I brodden for Nato-agitasjonen stod partisekretæren, Haakon Lie. I ettertid vedgjekk han: «Uten frykten tror jeg ikke vi hadde klart å få det til.» I dag er fryktkomponenten projisert inn i Natos toprosentpropaganda med Trump/Stoltenberg som pådrivarar. Men det var ikkje berre i DNA at det var ulike syn på Nato i 1949. Mindre kjent er det at Høgres fremste politikar, C.J. Hambro, var motstandar. Ifølgje partifellen Lars Roar Langslet var Hambro «demonstrativt fraværende» under Nato-vedtaket.

LOJAL SIDAN OPPSTARTEN: I 1949 vart Noreg medlem av Nato, då kalla Atlanterhavspakten. Her underteiknar utanriksminister Halvard Lange pakta på vegner av den norske regjeringa. FOTO: NTB SCANPIX

For USA var Nato-alliansen tredje etappe i ein tretrinnsrakett som dreiv fram den kalde krigen. Fryktskaping og persepsjons-manipulering var ingrediensar i å preparere opinionen også då første trinn vart fyrt av 12. mars 1947: Truman-doktrinen. Det måtte til for å lose løyvingane gjennom politiske organ. Med senator Arthur Vandenbergs formulering: Presidenten «scared the hell out of the American people» – så vel som «Spare-Kongressen».

Auka militærløyvingar var nødvendig for å overta etter det britiske imperiet i det indre Middelhavet og Midtausten. Vandenberg igjen: «Om vi ikkje dramatiserer dette på alle moglege måtar, vil det aldri bli forstått i offentlegheita».

Som den kanskje fremste kald krig-historikaren i dagens USA, Melvyn P. Leffler, har avslørt, så var eit hovudmotiv bak Truman-doktrinen å skaffe USA flyplassar i Tyrkia med rekkevidde til å bombe mål langt inne i Sovjetunionen: «Interessa for Tyrkia stamma ikkje frå sovjetiske trugslar, men frå amerikansk krigsplanlegging». Desse krigsplanane mot Sovjet var utforma så tidleg som «tidleg i 1946». Tidspunktet bør dei merke seg som har for vane å bruke seinare sovjetiske ‘aggresjonar’ som standardforklaring på den kalde krigen.

Få månader etter at Sovjet hadde tatt hovudbyrda med å nedkjempe Hitler-Tyskland, var altså USA i gang med krigsplanar mot sin viktigaste hjelpar frå krigstida. Sovjets svar på Trumandoktrinen var Kominform, slik Sovjets svar på Nato var Warszawapakta (1955). I boka «Supermakter og kald krig-arenaer. Vestens globale hegemoni i møte med kommunisme, nasjonalisme og islamisme» (2008), omtalar eg det retoriske førearbeidet og marknadsføringa av USAs tretrinnsrakett. Det at Trumandoktrinen førte til nokre av dei mest katastrofale USA-krigane, spesielt i Asia med milliontals døde, må ligge her; like eins at desse krigane stort sett lojalt vart støtta i norske media.

«Den einaste forma for moral som tel, er Nato-lojalitet»

Tre månader etter Trumandoktrinen (den ideologiske førebuinga), vart Marshallplanen lansert 5. juni 1947 som det økonomiske maktmiddelet (dollaren) i verktøykassa. To år deretter følgde så Nato (den militære muskelen) i USAs multimakt-arsenal. Viktig i alle tilfella var USAs diskursive makt i marknadsføringa. Amerikanske utspel og tiltak vart legitimert ved å mane fram frykt for Sovjetunionen. Då ein militærallianse kom på tale i 1948, føresåg Walter Lippmann korleis reaksjonen ville bli i aust. I eit memo til utanriksminister Foster Dulles skreiv Lippmann at dersom eit Nato vart realisert, ville garantert dei sovjetstyrkane som hadde jaga Hitlers armear vestover bli permanent ståande i Sentral-Europa som svar – og skape nettopp den frykt i vest som A-pakta skulle motverke. Det var gjennom denne delen av Europa Hitler og hans allierte i 1941 sette i gang det største åtaket i krigshistoria og påførte Sovjet eit mennesketap på kanskje 28 millionar. Mot dette bleiknar vårt 9. april 1940 – brukt som grunngiving for norsk tryggingspolitikk. Det gjekk som Lippmann føresåg. Slike styrkar var det Gorbatsjov drog attende 40 år seinare – utan den lova motyting. USA sveik Gorbatsjov og utvida Nato austover. Gorbatsjovs plaster på såret var fredsprisen. Konsekvensane av aust-utvidinga lever vi med i dag – slik vi skal sjå at ein annan kjend amerikanar så klårsynt åtvara om.

Under den kalde krigen var USA stort sett den proaktive aktøren, Sovjet den reaktive – stikk motsett den indoktrineringa min generasjon vart utsett for. Sovjetunionens reaksjon vart utlagt som provokasjonen, og rettferdiggjorde vestlege handlingar. Dei samanhengane som kunne gi forståing for sovjetisk politikk, vart filtrerte vekk. I medieteorien er termen innramming av ei hending viktig, kanskje betre kjend frå engelsk fagterminologi som framing. Sovjetiske handlingar vart vanlegvis framstilt utan kontekst, eller rammeverk. Dermed måtte dei fortone seg som urimelege, som aggressive og stod fram som demoniske og ekspansive. Det eksemplifiserer episodisk framing. Slike handlingar skulle ikkje forståast, men fordømast. Vestlege, proaktive handlingar fekk jamt over tematisk framing, vart gjort innlysande og forståelege med forklaringar som rettferdiggjorde handlinga. Indoktrineringspedagogikken var utsøkt selektiv med det formål å framkalle ønskt oppfatning – sluttproduktet: helt–skurk.

I dei første 15 Nato-åra var Halvard Lange utanriksminister. Han var ein relativt kritisk tilhengar av alliansen, og prøvde å hindre utvidinga då USA ville ta opp Hellas og Tyrkia i 1952. Denne kritiske innstillinga kom òg til uttrykk frå Høgres Hambro – igjen. Han ironiserte over at Nordatlanteren (jamfør A-pakta) vart forlenga til det indre Middelhavet. Dersom det hadde vore kjent i 1949 at desse landa skulle bli med, ville ikkje regjeringa fått støtte for innmelding, hevda Hambro. Norsk innverknad var lik null, sa han og omtalte demokrati-vimpelen til Nato som ein vits. Men USA bestemte – då som no – ut ifrå sine storstrategiske og imperiale vurderingar.

Lange var òg på på vakt mot at imperialistlanda i alliansen skulle drage småstatar som Noreg med i krigar utanom det geografiske området for nordatlantpakta. Slik passa han dei geografiske grensene for Nato-‘pliktene’, som til dømes under Suezkrisa i 1956 då Storbritannia og Frankrike gjekk til åtak på Egypt. Det oppstod frykt for at Noreg kunne bli involvert, men Lange dempa uroa med at det låg utanom allianseområdet. I dag er dette heilt annleis: Natos virkefelt er nærast globalt, ein reiskap for det amerikanske imperiet. Dette uttrykket – imperium, brukt om USA – er knapt å høyre i norske media eller av norske politikarar, men er heller vanleg i forskingslitteraturen, også i USA. Slik unngår kanskje våre politikarar å ta inn over seg Noregs rolle som gisselbrikke i eit verdsimperium.

Det nye strategiske konseptet og out of area-doktrinen frå 1999 innebar noko fundamentalt nytt også for Noreg i høve til den tidlegare minimums-medlemskapen i det gamle Nato. I dag har Nato 29 medlemsland og med kvart nytt medlem og utvida Nato-kontaktflate til omverda, aukar risikoen for at Noreg kan bli drege inn i ein krig, som kan starte langt frå norsk territorium. Artikkel 5 i A-pakta kan tolkast slik det høver seg for USA. I PR-samanheng er den forsikringsparagrafen som illuderer tryggleik og hjelp, men kan like gjerne bli ein sjølvmordsparagraf for landet vårt. Lojalitetsrelasjonen knekt–herre er å likne med eit reip der herren har det faste grepet i den eine enden, mens knekten i den andre har løkka rundt halsen. USA kan stramme til når det trengst – utifrå imperiebehov og med artikkel 5 som ris bak spegelen.

Då Noreg oppnådde full suverenitet og fekk hand om utanrikspolitikken etter unionsoppløysinga i 1905, proklamerte landets første utanriksminister, Jørgen Løvland, dette målet: «opgaven maa være at holde os udenfor deltagelse i de kombinationer og alliancer, som kan drage os ind i krigseventyr sammen med nogle af de europæiske krigerstater.» USA har for lengst overtatt leiinga i denne krigarstat-rolla – med Noreg som lojal medkrigarnasjon. Datoen 9. april 1940 blir oppfatta som forliset for Løvland-linja og Nato skulle vere garanti mot gjentak. Så har det skjedd at nett Nato-medlemskap har ført Noreg inn i det Løvland ville unngå: krigseventyr. Historias gang har sine ironiar.

Klassekampen og Dag og Tid har intervjua ‘ekspertar’ som meiner norsk tryggleik ligg i å stikke hovudet endå lenger inn i USAs famntak som krigsnasjon. Dei trur dét er forsikringspremien som må betalast – undervasallens krig for protektoren. I så fall har vi litt av kvart i vente. Det amerikanske imperiet er under forvitring og ingen kan vere viss på at det går under såpass fredeleg som det britiske og sovjetiske. Då kan også norske soldatar trengast i imperierekkene.

Sovjetunionens fall førte altså ikkje til nedlegging av Nato sjølv om grunngjevinga for alliansen var borte. I staden opplevde USA ein euforisk periode då overmodige haukar og økonomiske interesser såg sjansen til territoriell ekspansjon utan motvekt. Det fanst ingen utfordrar lenger og det militær-industrielle kompleks pressa Clinton-administrasjonen. Var det så ingen som åtvara mot at hybris-mentalitet skulle løpe løpsk? Det var det, men det var ingen i Noreg av Langes og Hambros kaliber som var kritiske til utvidinga, som på 1950-talet.

«Natos virkefelt er nærast globalt, ein reiskap for det amerikanske imperiet»

Då ei Nato-utviding vart tema sende USAs kanskje fremste Russland-kjennar, George Kennan, 31. januar 1992 eit varselbrev til Strobe Talbott i Clinton-administrasjonen. Kennan skreiv at ved å utvide Natos grenser austover, «tett opp til Russland sine grenser, gjer vi det største politiske feilgrepet som er gjort i Vesten i heile perioden etter Den kalde krigen». Sterke ord, neppe for sterke. For kva ville konsekvensen bli? Kennan spådde at det ville «setje fyr på dei eksisterande nasjonalistiske, anti-Vestlege og militaristiske tendensane i den russiske opinionen, ha ein øydeleggande effekt på utviklinga av demokratiet i Russland og gjenskape atmosfæren frå Den kalde krigen». Kennans spådom har til fulle slått til – på alle desse skremmande punkta. Og merk tidspunktet: Kennan såg at dette kunne skje sju år før Putin vart statsminister. Det er interessant at ein fanatisk tilhengar av gamle Nato som Haakon Lie, såg det same som Kennan. Lie var mot at land nær Russland skulle bli med i alliansen. Han såg det som ein unødig provokasjon.

Kva seier så norske toppolitikarar? Jau, høgfrekvensordet er at Russland har blitt «uforutsigbart». Vi må «svare» – og ruste opp! Då det som Kennan forventa som logisk konsekvens av Nato-utvidinga slo til – det var i høgste grad føreseieleg, ikkje «uforutsigbart» – så spelte norske politikarar forundra og moralsk forarga. Ikkje berre det, men den russiske reaksjonen på Nato-utvidinga vart påskotet for å bryte med den stabiliserande basepolitikken, hovudpilaren i norsk tryggingspolitikk sidan 1949.

I dag synest norske toppolitikarar flest at det som Hambro oppfatta som slutten på norsk suverenitet – at utanrikspolitikken i realiteten blir styrt utanfrå landets grenser – er som det skal vere. Dei kan vaske sine hender, for ansvaret er delegert til ein trygg og mektige allianse med artikkel 5 som sovepute. Men det har eit vilkår – å betale med reservasjonslaus lojalitet. Di større medløperi i form av krigføring, som i Afghanistan og Libya, di større von om sjølv å få «hjelp». Det som då står att for norske utanrikspolitikarar er presteskap-rolla med framføring av Nato-liturgien om toprosentmålet. Det Høgre-mannen Hambro og den genuine sosialdemokraten Olav Oksvik såg som undergraving av norsk sjølvstende og integritet, det er i dag opphøgd til dygd og rettesnor for norsk utanrikspolitikk.

Det underlege for meg er at fleire forskarar som framfører velgrunna kritikk av den norske Libya-krigen, ikkje synest å forstå denne strukturelle svinebindinga av Noreg. Dei trur Libya-fiaskoen er noko vi moralsk kan lære av, for at fadesen ikkje skal gjenta seg. Det er trulet ein illusjon, for den nasjonale autonomien dei då føreset, er minimal. Kvifor mange vettuge personar enno ikkje forstår denne mangelen på norsk handlingsrom når ein Olav Oksvik med fleire føresåg det allereie i 1949, er for meg ei gåte. På Nato-landsmøtet i 1949 sa han åtvarande at som medlem ville ikkje vårt land «ha noe herredømme over hvilke konflikter vi kan bli trukket bort i. Vi behøver ikke bli trukket bort i en krig på grunnlag av forsvar av de demokratiske rettigheter». Han rekna heller ikkje med at vi ville «få innflytelse på hvilke partnere vi samarbeider med og hvilke krigsårsaker som foreligger. Det er dette som er min hovedinnvending. [A-pakta] ... kan trekke oss inn i krigerske forhold fjernt fra våre interesser». Det skal ikkje stor kjennskap til makta sine tyngdelover i asymmetriske alliansar (supermakt vs. småstat) for å forstå det Oksvik forstod i 1949.

Og så har vi mediefaktoren i ein kvar ny hyperhektisk situasjon: Då vil Natos overlegne diskursive apparat kunne framstille saka slik – jamfør framing – at Noreg bit på kroken. Det blir berre ein ny test på å akkumulere meir av den lojalitetskapitalen som skal komme oss til gode om Noreg kjem i fokus. Den einaste forma for moral som tel, er Nato-lojalitet. Slik sett var den norske krigføringa i Libya ein strålande suksess. Det gav til og med norsk-nyttig krigstrening, sa statsministeren som vart Nato-«sjef». Og han akkumulerte personleg goodwill-kapital.

Men så skulle vi atter oppleve ein prominent Høgre-mann med evne og vilje til å tenke sjølvstendig, ein som ikkje har servilitet inngravert i sin habitus slik tilfellet er med resten av partiet – i tandem med DNA. På Høgres landsmøte nyleg kritiserte Kåre Willoch norsk Russland-politikk. Det var lite populært i partiet og statsministeren kom med ein pinleg, kunnskapslaus kommentar. Om 30 år vil truleg det Willoch uttalte vere det einaste historikarane finn verdt å nemne frå norsk Russland-diskurs anno 2019. Men Dagsrevy-redaksjonen brukte Nato-filteret og fann ikkje Willoch-innslaget verdig omtale.

Kor langt USA kan presse Noreg til Nato-servilitet, også til krigsdeltaking, kan avhenge av kor høgt ein maktar å pumpe den russiske faren – med Putin som sjefsdemon. Difor er det avgjerande å halde russofobien ved like med Krim-halvøya som repetitivt memento, utlagt som vår tids Praha-kupp (1948). Som vanleg skjer det utan det som ovanfor er kalla fyldig framing. Og Folkeretten er det eit Nato-prerogativ å bryte, for vi er så demokratiske. Ikkje risikerer Nato-landa sanksjonar heller.

Verdens mest brukte substans – bortsett fra vann – er også den mest miljøødeleggende.

En sementert verden

BETONG-BRUTALISME: Betong har vært utgangspunktet for enorme byggeprosjekter over hele verden, som her fra den monumentale avenyen «Esplanada dos Ministérios» i Brasília, hovedstaden i Brasil. FOTO: ARQUIVO PÚBLICO DE DISTRITO FEDERAL/WIKIMEDIA COMMONS

Det mest «demokratiske» materialet på jord har sine baksider.

Vi kan ikke forestille oss den moderne verden uten dette materialet. I lang tid har det vært selve symbolet på modernitet, udødeliggjort av arkitekter som Le Corbusier og Oscar Niemeyer. Hele byer (inkludert minst én hovedstad), broer, damanlegg og barrierer er bygd opp av det. Det er allerede verdens mest brukte substans, om vi ser bort fra vann. Men det er også den mest miljøødeleggende, og den mest korrupte, industrien på kloden. Og bruken av det bare øker.

Du kan bla til neste sideBla med piltastene