Kan Ap fortsette å lekke til begge sider?

Tydeligere retorikk

Ap trappet opp retorikken mot et uorganisert arbeidsliv og høyrepolitikk på landsmøtet i går.

Aukar straumprisane med 10 øre, kan fleire tusen arbeidsplassar forsvinne, ifølge rapport:

Fare for milliardsmell

INVESTERER: Hydro har nyleg gjort store investeringar på aluminiumsverket på Husnes i Sunnhordland. Hjørnesteinsbedrifta, ved fabrikksjef Johan Berg, er storbrukar av kraft. FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM

DYRT: Sju kraftkrevjande industrilokomotiv kan få ei ekstrarekning på 3,4 milliardar viss straumprisane aukar med 10 øre, ifølge ein ny rapport.

Rapporten «EUs energiunion, straumprisane og industrien» analyserer kva ein auke i straumprisen på 10 øre kWh vil innebera for Hydro Aluminium AS, Alcoa Norway AS, Celsa Armeringsstål AS, Elkem AS, Eramet Norway AS, Finnfjord AS og Norske Skog AS.

Rapporten, utarbeida av Defacto, kunnskapssenter for fagorganiserte, konkluderer med auka energikostnadar på svimlande 3,7 milliardar kroner.

– Auken på 10 øre er eit moderat anslag, men det vil gi store konsekvensar for lønnsemda i den kraftkrevjande industrien, åtvarar Roar Eilertsen, som har skrive rapporten.

Fri flyt av energi

Det er kombinasjonen av norsk deltaking i EUs energiunion, fleire utanlandskablar og endringar i nettleigetariffen som i sum vil gi dyrare straum, ifølge rapporten.

Det juridiske rammeverket for EUs energiunion blei ferdig på slutten av fjoråret.

– Korleis heng innføringa av den fjerde energipakka saman med uroa for auka straumprisar?

– Når me blir integrert i EUs energiunion, overlèt me styringa av korleis straum skal flyta til eit overordna EU-behov, seier Eilertsen, som forklarar at når marknaden får bestemma, vil krafta flyta frå dei områda der prisen er låg og over til dei områda der han er dyr.

– Resultatet er ei harmonisering av straumprisane, slik at dei blir mest mogleg like. For Norge sin del betyr det at straumen får ein høgare pris enn i dag.

– Det er ingen tvil om dette, slik du ser det?

– Nei, seier han.

Vinnarane her til lands er staten, kraftkommunar og kraftbransjen: dei som sel kraft, og dermed tener pengar på høgare straumprisar.

EUs energi­union:

  • Energiunionen skal sikra at energiforsyninga i Europa er trygg og tilgjengeleg for alle.
  • Den fjerde energipakka (Clean Energy for All Europeans) blei ferdigbehandla i desember 2018 og skal no implementerast.Dette er omtalt som den mest omfattande pakka med regelendringar for den europeiske kraftmarknaden.
  • Stortinget vedtok i fjor å innlemma EUs tredje energipakke i norsk lov. Som ein del av det var EUs energibyrå Acer.

Fleire tusen jobbar

Den kraftkrevjande industrien i Norge står direkte for 17–18.000 arbeidsplassar, ifølge rapporten.

Mange av dei er hjørnesteinsbedrifter i forskjellige kommunar i landet. I tillegg kjem verksemder som er kopla til dei.

Ifølge rapporten vil høgare straumprisar truga arbeidsplassar innanfor stålindustrien, ferrolegeringsindustrien og treforedlingsindustrien.

«Syv-åtte lokalsamfunn kan komme til å miste 4–5000 arbeidsplasser», heiter det i rapporten.

På lang sikt mister den kraftkrevjande industrien heile konkurransefortrinnet ved å vera plassert i Norge. Nemleg låge straumprisar.

– Men fleire av bedriftene har langsiktige straumavtalar. Overdriv du ikkje konsekvensane?

– Dette er knytt til langsiktige investeringar. Det er ingen ting som skjer i morgon. Men når dei må forhandla om nye kraftavtalar, så vil dei stå overfor ein kraftbransje som alternativt kan selja krafta til ein høgare pris i til dømes Storbritannia, seier Roar Eilertsen.

Kraftkablar til England og Tyskland er no under bygging. I tillegg er ein kraftkabel til Skottland til konsesjonsbehandling no.

Den grøne industrien

Ørjan Normann er hovudtillitsvald på Hydro Aluminium AS sitt aluminiumsverk på Husnes i Sunnhordland, og leiar for Husnes Kjemiske Fagforening. Han sit også i forbundsstyret i LO-forbundet Industri Energi og er leiar for samarbeidskomiteen for aluminium i forbundet, som samlar aluminiumsarbeidarar frå Lista i sør til Mosjøen i nord.

Sjølv om Hydro delvis er sjølvforsynt med kraft, åtvarar Normann norske styresmakter mot å setta straumprisane på spel gjennom fleire kraftkablar til utlandet. Han er kritisk til auken i nettleiga.

– Me har klart å laga verdas reinaste og mest effektive aluminium basert på teknologiutvikling og rein vasskraft. Det må me ikkje sleppa frå oss. Dette er den grøne industrien. Me lagar eit grønt produkt som verda spør etter.

Hydro har nyleg investert 1,5 milliardar i aluminiumsverket på Husnes, som er i gang med å starta opp igjen meir av produksjonen.

– I løpet av 2021 skal me ligga på 340–350 tilsette her, seier Normann.

Ole Børge Yttredal

Mot ny ka­bel

– Høgare straumprisar vil alltid vera ei uro for industrien. Meir vindkraft har bidratt til betre kraftbalanse. Fleire industribedrifter har inngått kontraktar med vindkraftverk. Det er positivt og skapar konkurranse i marknaden. Me er ikkje uroa for den europeiske energiunionen, seier Ole Børge Yttredal, direktør for miljø og energi i landsforeininga Norsk Industri.

Han er ueinig i at norsk deltaking i den europeiske energiunionen vil verka inn på straumprisen. Han understrekar at det er norske styresmakter som rår over både talet på kraftkablar og nettleiga. Norsk Industri åtvarar mot å gi grønt lys for kraftkabelen til Storbritannia, som no er til konsesjonsbehandling.

– Me meiner me må sjå på effekten av dei to fyrste fyrst. Det er klart det gjer noko med prisen og nettkostnadane.

– Me er også uroa for tariffutviklinga, seier han. Det er viktig at vi nå får ei avklaring som er føreseieleg og gir eit riktig nivå på nettleiga for industrien. Norske styresmakter sit med løysinga.

Ifølge Yttredal sikra bedriftene seg mot svingingar i pris med langsiktige kontraktar.

– Kor disponert dei er for varierande prisar avheng av kor langsiktige kontraktar dei har og kor avhengige dei er av spotmarknaden.

I fiskenæringen er barnearbeid tillatt i skreisesongen:

Unger kutter tunger

REKRUTTERING: Skjæring av torsketunger sikrer rekruttering til fiskenæringen.

Du kan bla til neste sideBla med piltastene