140 tilsette ventar permitteringar etter laksedød:

Slakteria blør

PERMITTERT: Andrea Varneanu og Janne Wilhelmsen hjå Ellingsen Seafood i Skrova er mellom slakteriarbeidarane som no er permitterte. FOTO: MONICA LARSEN VEGSTEIN

MÅ GÅ: Det kan verte langvarige permitteringar i lakseslakteri etter laksedøden i Nord-Noreg.

Hos Ellingsen Seafood AS på øya Skrova i Nordland har kring 30 tilsette på lakseslakteriet og fem som produserer kasser, fått permitteringsvarsel til over sommaren.

– For meg er det ikkje så dramatisk, men eg har kollegaer der båe er i arbeid på slakteriet, og for dei vert det sjølvsagt mykje verre, seier Janne Wilhelmsen.

Som permittert får dei tilsette 62 prosent av full løn. Førebels er dei permittert til over ferien, men tillitsvald Kristian Eriksen er redd det kan kome fleire periodar med permitteringar. For Ellingsen Seafood har mista fleire tusen tonn laks, og det får følgjer for lakseslakteriet til verksemda.

– Den fisken vi har mista, skulle vi ha slakta i haust og vinter. Det kan kome ei ny runde med permitteringar i haust.

På Skrova bur det 200 menneske. Her har Ellingsen Seafood hovudkontor og slakteri.

– Vi er ei lita øy. Utan Ellingsen har vi store problem, seier Eriksen.

– Eigarane klarer seg godt

På Breivoll Marine Produkter i Ibestad kommune i Troms, som er eigd av oppdrettarane Northern Lights Salmon og Sørrollnesfisk, manglar dei råstoff for eit år framover. 30 tilsette vert permitterte.

Lakseslakteriet Astafjord Laks i Gratangen er eigd av oppdrettarane Gratanglaks og Kleiva fishfarm. Dei 40 tilsette er varsla om permitteringar, opplyser administrativ leiar i Gratanglaks AS Jorunn Bertelsen.

Gratangen kommune har 1097 innbyggjarar og ordførar Eva Ottesen (Ap) er uroleg.

– Slakteriet er alvorleg nok, men vi har mange verksemder som vert råka direkte eller indirekte, som til dømes dei som produserer kasser til slakteriet. Vi risikerer også at tilsette frå Aust-Europa flyttar. For kommunen går skatteinntektene ned, men det er dei tilsette vi er opptekne av no. Eigarane klarer seg godt, seier ho.

Eigarane gjekk med eit samla overskot på 660 millionar kroner i åra 2015–17.

Lakse­død:

  • Skadeleg bløming av algen Chrysochromulina leadbeateri har ført til laksedød i Troms og Nordland.
  • Algen er vanleg om våren, men berre i låge tal. Det hende dei førekjem i så stort omfang at fisk døyr. Algen skil ut eit stoff som skadar gjellene på fisken og fører til at dei ikkje får nok oksygen og til slutt døyr.
  • Algebløminga er på retur. Algen teke livet av over sju millionar laks. Salsverdien av dei ferdig utvaksne laksane er to milliardar kroner.

Råstoff er viktigast

Også Salaks som driv eit slakteri i Rotvika i Salangen kommune, har varsla at det kjem permitteringar. Til Hegnar.no seier Ken Rune Bekkeli i Salaks dei reknar med å permittere 30 tilsette det komande året.

Ann Solveig Sørensen i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) frykta for de tilsette.

– Det viktigaste for oss er at verksemdene kjem i gang så snøgt som rå, seier ho.

– Eigarane går med store overskot. Burde dei ikkje halde dei tilsette i arbeid sjølv om dei manglar fisk?

– Råstoff er det viktigaste. Tilsette kan ikkje kome på jobb berre for å sjå i veggen. No må verksemdene få fullt oversyn over situasjonen, seier Sørensen.

NNN skal møte Sjømat Norge i dag også for å diskutere moglege tiltak. Kommunikasjonsdirektør i Sjømat Norge Øyvind Haram møtte i går alle dei råka oppdrettarane i Svolvær. Han har ikkje fullt oversyn over kor mange tilsette som vert råka.

– Dei tilsette hos oppdrettarane er ikkje så utsette. Her vil det også vere arbeid å gjere som å ta unna vedlikehald, og ny smolt vert set ut i merdane, seier Haram.

For slakteria er det annleis. Det tek halvtanna år frå smolten vert sett i sjøen til laksen kan slaktast.

– I den perioden vil slakteria mangle laks med mindre dei kan hente laks frå andre oppdrettarar, seier Haram.

Vane med permittering

På Skrova er dei vane med kortare periodar med permitteringar. Tillitsvald Kristian Eriksen fryktar ikkje at permitterte kjem til å rømme øya.

– Sjølv om hovudtyngda av dei tilsette har utanlandsk bakgrunn er dei fleste godt etablerte her med eigen bustad og familie.

– Ellingsen Seafood har gått med store overskot dei siste åra. Burde dei ha venta lenger med å permittere?

– Dei har gjort det særs bra, men det har vi tilsette fått nyte godt av med store bonusar dei siste åra. Eg oppfattar at dei har vore særs medgjerlege andsynes oss tilsette, seier Eriksen.

Ap-politiker Ubah A. Aden mener Frp-utspill om kutt bidrar til diskriminering:

Lånte for sine barn

GIR ROS: Ubah Abdullah Aden mener bostøtten snarere bør styrkes enn å kuttes og viser til at dagens ordning slår urettferdig ut for Oslo-borgere. Her står hun utenfor sitt hjem på Holmlia i Oslo.

FEIL: Frp vil tvinge muslimer til å ta lån gjennom å kutte i bostøtten. Ubah Abdullah Aden (Ap) tok selv boliglån for å gi barna en stabil oppvekst.

Du kan bla til neste sideBla med piltastene