Dele?

  • Snart sommer. Planen er å dra på hytta, som de fleste andre her til lands. Kanskje jeg rekker en liten tur på den andre hytta også, for ja, vi har to. Og det er vi ikke alene om. I Norge nærmer vi oss en halv million hytter, og siden år 2000 har det blitt bygd rundt 3400 nye i året. Er Norge det eneste landet i verden der det er helt vanlig for en familie å eie to hus? Vi har jo god plass i dette landet, så det er kanskje ikke så rart.

– Norge må si nei

IMOT USA: Audun Lysbakken (SV) vil si nei til USA. FOTO: ODIN JÆGER

IRAN: SVs Audun Lysbakken mener regjeringen må si klart nei til støtte og deltakelse i en konflikt mellom USA og Iran. Ap vil ikke svare på nåværende tidspunkt.

Omstridd sjukehusdirektør går rett inn i ny jobbTillitskrisa kan eskalera

Tilliten til styreleiar svinn

TILLITSKRISE: Tillitsvalde ved Oslo universitetssjukehus (OUS) er kritisk til styreleiar Gunnar Boim (til venstre), som måndag uttrykte tillit til administrerande direktør Bjørn Erikstein (bak). Erikstein går likevel av. FOTO: TERJE PEDERSEN, NTB SCANPIX

NY ROLLE: Avgått direktør for Oslo universitetssykehus Bjørn Erikstein får jobb som spesialrådgivar ved sjukehuset. Tillitsvalde trugar med mistillit mot styreleiar Gunnar Bovim.

På eit ekstraordinært styremøte ved Oslo universitetssykehus måndag gjekk administrerande direktør Bjørn Erikstein av etter eige ønske.

I eit brev til styret i førre veke varsla føretakstillitsvalde ved sjukehuset at dei ikkje lenger har tillit til Erikstein.

Klassekampen har fått innsyn i fråtredingsavtalen mellom Oslo universitetssjukehus og administrerande direktør. Her kjem det fram at Erikstein held fram i ei ny rolle ved sjukehuset.

«Partene er enige om at Bjørn Erikstein fratrer som administrerende direktør fra og med 1. juli 2019 og at han i henhold til sin arbeidsavtale fra samme tidspunkt trer inn i stilling som spesialrådgiver i Oslo sykehusservice, Oslo universitetssykehus HF», står det i avtalen, som er signert av Erikstein og styreleiar Gunnar Bovim.

Tilliten til styreleiar svekka

At Erikstein vil halda fram i ei ny rolle ved sjukehuset, er føretakstillitsvald for Fagforbundet Bjørn Wølstad-Knudsen kritisk til. Han reagerer også på vedtaket styret gjorde måndag, om at dei har tillit til administrerande direktør.

– Det er vanskeleg å ha tillit til ein styreleiar som gir administrerande full tillit. Eg reagerer på styrevedtaka som dei eigaroppnemnde gjorde måndag, seier Wølstad-Knudsen.

Han har tidlegare sete i sjukehusstyret som representant for dei tilsette.

Wølstad-Knudsen gir uttrykk for at tillitskrisa på ingen måte er over.

– Dette kan fort enda med at me manglar tillit til styreleiar ved sjukehuset.

Føretakstillitsvald for Norsk Psykologforening Birgit Aanderaa er einig.

– Det er prosjektet nytt sjukehus me ikkje har tillit til. Dette er ikkje retta på ved at Erikstein går av som direktør. Vår mistillit løftar seg opp til styreleiar, og dei eigaroppnemnde styremedlemmane, seier ho.

Wølstad-Knudsen forstår at også direktørar har eit stillingsvern, men er likevel forbausa over at Erikstein vel å nytta seg av høvet til å tre inn i ei stilling som rådgivar.

– Det er rart om han skulle velja å bli sjuande far i huset.

– Så ditt klare råd er at han ikkje blir?

– Ja, absolutt. Mitt klare råd er at han ikkje skal ta rolle som sjuande far i huset, men nytta seg av ein eventuell sluttpakke.

Nye sjuke­hus i Oslo:

  • Helse Sør-Øst (HSØ) og Oslo universitetssykehus (OUS) planlegg landets største sjukehusprosjekt med nye bygg på Gaustad og Aker og nedlegging av Ullevål sjukehus.
  • Vedtaket om å legga ned Ullevål har møtt massiv motstand frå tillitsvalde.
  • Etter at vedtaket om nedlegging blei gjort, varsla føretakstillitsvalde at dei ikkje lenger har tillit til administrerande direktør Bjørn Erikstein.
  • Styret vedtok at dei har tillit til Erikstein. Han valde sjølv å gå.

Til disposisjon

Oslo sykehusservice er ein klinikk ved Oslo universitetssykehus, der ulike stab- og støttefunksjonar ligg.

Her er mellom anna reinhaldsavdelinga, kjøkkenavdelinga, arbeidsmiljøavdelinga og prosjekt og investering lagt.

Her ligg også ansvaret for eigedomsmassen til Oslo universitetssjukehus.

Helse Sør-Øst avgjorde nyleg å legga ned Ullevål sjukehus og erstatta det med eit stort regionsjukehus på Gaustad og lokalsjukehus på Aker.

Prosessen med nye sjukehusbygg er bakgrunnen for at tillitsvalde ikkje lenger hadde tillit til sjefen.

Klassekampen har forsøkt å få klarleik i rolla Erikstein får som spesialrådgivar.

Styreleiar Gunnar Bovim kan ikkje gå i detaljar, men seier han ikkje skal jobba med planane om nye sjukehusbygg.

– Han skal stå til disposisjon for klinikksjefen der. Han skal ikkje ha noko politisk rolle og blir ingen synleg figur, seier Bovim.

– Så han skal ikkje ha noko å gjera med planane om det nye sjukehuset?

– Han skal ha inga politisk rolle. Eg kjenner ikkje heilt detaljane. Han skal ikkje vera inne i diskusjonane om plassering, seier Bovim.

– Kva tenker du om at det blir uttrykt svekka tillit til deg?

– Det er beklageleg. Eg vil gjera mitt for å bidra til å bygga tillit.

Bovim seier styret er uroa over at det ikkje er tillit mellom tilsette og leiing.

– Me er opptatt av å bygga tillit stein på stein, seier han.

– Blei det diskutert andre løysingar enn at Bjørn Erikstein skulle over i rådgivarstilling?

– Me må forholda oss til tilsetjingsavtalen hans. Om det ville blitt ei anna løysing viss tilsetjingsavtalen var ein anna, kan eg ikkje seia.

Direktør for Oslo sykehusservice Geir Teigstad stadfestar at den avgåtte direktøren ikkje skal jobba med prosjektet om nye sjukehus.

– Det er heilt uaktuelt, seier han.

Kri­tisk

Leiar for Helsepartiet Lene Haug er sentral i aksjonen «Redd Ullevål Sykehus». Ho kjenner saka godt. Haug er kritisk til vedtaket styret gjorde måndag.

– Eg stiller meg undrande til at styret kan seia at dei har tillit. Men det er vel ein del ting som har skjedd på bakrommet, som eg ikkje har oversikt over.

Representantane til dei tilsette i styret la fram eit alternativt forslag til vedtak. Det sa kort og godt:

«Styret kan ikke akseptere en sykehusledelse som ikke har bred tillit hos de ansattes organisasjoner».

Forslaget fekk berre stemmene til dei tre representantane for dei tilsette.

– Å stemma ned det forslaget var veldig rart. Det tydar på eit styre som ikkje støttar dei tilsette, seier Haug.

Du kan bla til neste sideBla med piltastene